Laster Hendelser

« All Hendelser

Tenorane & Steffen Horn-«Så ha ei God Jul, då!»

fre, 7. des / 19:30 - 21:00

Tenorane & Steffen Horn

Så ha ei God Jul, då!

F

or sjuande året på rad turnerer Tenorane og Steffen Horn med konsertframsyninga ”Så ha ei god jul, då!”

I år har framsyninga blitt ytterlegare skjerpa, og det til tross for at fjorårets mottagelse var strålande over heile landet.

«Som de begeistret»…»Det var så vakkert at vi fikk tårer i øynene» skreiv Namdalsavisa.

”Glitrende julekonsert” heitte det i Bømlonytt,

”Steffen Hornbriljerer med pasjon på piano”. Halden Arbeiderblad karakteriserte framsyninga som ”elegant og stilfull”. ”

Ord som ”humørfylt” og ”mektig” gjekk jamt att i kritikkane.

Og her ligg kan hende nøkkelen til suksessen: Tenorane tek jula sitt mektige bodskap, på alvor, men heile tida med ein glimt i auget. Og dei står i trygt planta midt i ein god tradisjon: Få fenomen har inspirert komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei overdriving å seie at sjølve juletradisjonen fyrst og fremst vert formidla og blir halde ved lag gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til?

I spennet mellom ”Så går vi rundt om en enebær busk” og Bachs ”Juleoratorium”, frå Puccini til Prøysen og Presley, pustar Tenorane sølvstøv over alle oss som sårt treng ei pause i kvardagane, ei pause for glede og fred og laussluppen, leiken latter. Alt pakka inn i lekre musikalske arrangement.

Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets beste songtrioar.

Gruppa består av Henrik Hundsnes, Hallar Djupvik og Aasmund Kaldestad med den eminente Steffen Horn på piano. ”Han som får tangentane til å smile”.

No kastar dei seg altså, med høgt humør, over kjente og mindre kjente julesongar, i håp om å bidra til å strø musikalsk, glitrande glede over julefeiringa.

For til sjuande og sist er vel humor å ta gleda på alvor?

Hjarteleg velkomne.

7

des
2018
Tenorane & Steffen Horn
fre: 19.30
Teatersalen
  • Ordinært kr.395,-
  • Honnør, student kr.350,-

Detaljer

Dato:
fre, 7. des
Tid
19:30 - 21:00